VINNARTEKST: Regnskogen er i fare!

Martha (12) vart vinnaren av skrivekonkurransen til Framtida Junior med denne teksten om regnskogen. Ho går på Moster skule.

Regnskogen har vore på jorda i over hundre millionar år, men no forsvinn den forferdeleg fort!

Lurer du på kvifor regnskogen er i ferd med å forsvinna? Visste du at mange millionar, både menneske og dyr er avhengig av regnskogen?

Jorda har brukt over hundre millionar år på å lage regnskogen, men det har tatt mindre enn 70 år for menneska å hogge ned halvparten! Regnskogen blir hogd ned i stort tempo. Menneska hogger ned og brenn regnskogen for å dyrka råvarer til dyrefor, mat, drivstoff, papir, tømmer, og bygging av vegar.

Marta Vedøy (12) går på Moster skule. Ho vart vinnaren av skrivekonkurransen til Framtida Junior.

Regnskogen er viktig for menneska. Dersom me ikkje stoppar nedhogginga, vil me angra på det. Regnskogen er heimen til mange menneske og dyr, som lever i og av regnskogen. Over 750 millionar menneske er avhengig av regnskogen.

Over halvparten av jordas dyrearter lever i regnskogen. Der finst fantastiske og unike dyr som gorillaer, fuglar og maur. Mange meiner at det er mange artar i regnskogen som ikkje er oppdaga enno. Dyr og plantar som gøymer seg i regnskogar forskjellige stadar i verda.

Regnskogen produserer regn, medisinar, den forhindrar sjukdom og mykje meir. Før var det bønder som fekk skulda for nedhogginga fordi dei har mangla retten til eige land. Difor har dei vore tvungne til å hogga han ned for å tena på avlingane sine. Viss du ser på eit bilde av regnskogen, ser du grøne trær som liknar på eit hav, og så ser du eit skilje der menneska har hogt og sådd.

Les også: Moster skule vann med miljøsaker

Men det finst framleis håp. Mange fabrikkar har sagt at de vil slutta å bruka palmeolje i produkta sine og mange stader har dei slutta å hogga ned regnskogen. Det finst mange menneske som beskyttar regnskogen, det håpar eg du og vil gjera etter å ha lese denne teksten.

Regnskogen er fantastisk! Den er vakker, grøn og levande. Dersom du vil gi eit bidrag til regnskogen, kan du gå inn på Regnskog.no og betale eit bidrag for å redde regnskogen. Det er òg mange andre måtar men kan redda regnskogen på, du kan slutta å eta mat med palmeolje eller du kan demonstrera. I 2015 gjekk bidraget frå TV-aksjonen til regnskogen, då samla me inn 190 millionar.