Erna Solberg: – Reknar med at Nissen får lov til å koma

Er Nissen ein nærkontakt? Og får han lov til å koma til jul? Statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie svarar.

På ein pressekonferanse i dag fekk Erna Solberg spørsmål frå Aftenposten om nissen blir rekna som nærkontakt.

– Nissen kjem frå Nordpolen. Og Nordpolen er faktisk kvit på kartet vårt. Utanfor det raude, gule og grøne kartet. Me har ikkje rapportert nokre smittetilfelle frå Nordpolen. Så i utgangspunktet så reknar me med at han får lov til å koma.

På spørsmål om ein får lov til å klemma nissen, seier helseminister Bent Høie dette:

– Ja, men han bør ikkje kyssa mor.

– Det er for nær kontakt, seier statsminister Erna Solberg.

Vil avgrensa smitte i julefeiringa

Regjeringa la òg fram fleire andre råd om julefeiringa.

  • Alle må framleis avgrensa det totale talet på menneske du har sosial kontakt med gjennom heile perioden, og ikkje minst i førjulstida.
  • Ein familie kan ha inntil 5 gjester til over nyttår.
  • På to av dagane blir det opna for inntil 10 gjester. Det betyr altså inntil 10 gjester på julaftan og nyttårsaftan, eller to andre dagar som ein vel sjølv i løpet av perioden.
  • Det må alltid vera minst éin meters avstand mellom alle som elles ikkje bur saman. Dette gjeld både når ein sit til bords, når gåvene blir delte ut og når julekakene kjem fram.
  • Klarar ein ikkje å gjennomføra juleselskapet med minst éin meters avstand viss du inviterer 10 gjester, må du invitera færre.
  • Viss du kjem frå område med høg smitte, bør du halda to meter avstand til folk i risikogruppa