Me høyrer på julemusikk tidlegare

I følgje tal frå Spotify, har folk rundt heilt verda starta å høyra på julemusikk tidlegare enn normalt i 2020.

0
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Ekspertar meiner at korona har skulda, og trur dette har samanheng med at me treng julemusikk meir no, då me ikkje kan vere så mykje saman med andre. Det skriv NRK.

Får oss til å føle eit fellesskap

Are Brean er nevrolog og jobbar ved Noregs musikkhøgskule, og meiner at julemusikk får oss til å føle eit fellesskap. Det er spesielt viktig nå når me ikkje kan vera saman slik som me pleier.

– Musikk har ein evne til å sette menneske i samme stemning som det ein høyrer på. Julemusikk set oss i ein tilstand som mange tenkjer på som noko positivt, seier han til NRK.