Ein del elevar likte heimeskule veldig godt

Mange stille og sjenerte elevar gjorde det betre enn vanleg då dei hadde heimeskule i vår. Andre elevar fekk ikkje lærarane kontakt med. Dei logga seg ikkje på.

No har vi fått ei ny bølge med koronaviruset, og politikarane vil helst ikkje stenge skulane. Men ved enkelte skular er det no så mykje smitte at dei må stenge i kortare periodar.

Ingen veit heilt korleis det blir i tida som kjem. Om smitten aukar, må vi kanskje førebu oss på ein ny periode med heimeskule, skriv Ung.Forskning.no.

Då alle skulene stengte i vår, skjedde det veldig raskt. No er vi litt meir førebudd enn sist.

Brå overgang

Ung.Forskning har snakka med forskaren Siw Fjørtoft. Ho jobbar ved SINTEF og har forska på korleis lærarane opplevde å undervise digitalt. Lærarane opplevde at elevane reagerte ganske ulikt på det å ha heimeskule.

Nokon likte det veldig godt. Andre synest det var kjedeleg. Ein del elevar mista heilt lysta til å jobbe med skule. Sjølv om læraren gav dei ein timeplan, oppgåver og kontakta dei kvar dag. Det var enkelte elevar som nesten aldri logga seg på nett for å delta i undervisninga.

Betre på heimeskule

Lærarane merka at det var nokre elevar som gjorde det betre på heimeskule enn på vanleg skule. Særleg elevar som er stille og sjenerte, eller dei som treng meir ro til å konsentrere seg.

– Dei blei ikkje så forstyrra av andre elevar og kunne ha kontakt med læraren i fred og ro, fortel forskaren.