Me må gjere naturen og klima betre!

Før koronaviruset kom var det veldig mykje prat om miljø, men etter koronaviruset kom har det ikkje vore så mykje prat om miljøet.

Etter koronaviruset kom har det ikkje blitt forureina så mykje som før fordi det har vore karantene, og i nokre land portforbod. Men etter at det meste opna opp att igjen, så er det viktig at me nå prøver å ikkje forsøple og forureine like mykje som før korona kom. Det har blitt forureina mykje når korona har vore her, men det har blitt betrakteleg betre. Det har nok mest sannsynleg blitt kasta mindre bos òg i løpet av koronatida.

Alt boset som ligg rundt omkring må me ta hand om. Det blir kasta veldig mykje søppel på plassar der det ikkje skal vere søppel sånn som for eksempel i naturen. Det må det bli ein slutt på. Har du tenkt på kva kan du gjere for at det kan bli mindre bos i naturen? Ein kan jo for eksempel gå ein tur og plukke med bos som du finn på vegen. Eller viss du er ein av dei som kastar bos, kan du slutte å kaste bos.

Det blir forureina mykje av bilar, fly, båtar, industri og mykje anna. Det har ikkje blitt forureina så mykje som før nå i koronatida, fordi det ikkje har blitt flydd så mykje. Og det har vore bra. Det burde bli sånn framover at det blir mindre flytrafikk og mindre bruk av privatfly.

Konklusjonen min er at det burde bli flydd mindre, kasta mindre bos og ikkje forureina. Saman kan me gjere ting meir miljøvennleg og stoppe klimaendringar og bresmeltingar.

Tor Eldgrim Svanheld, 12 år 

Skjolden oppveksenter