Det er ikkje alltid nok å få flest stemmer i presidentvalet

Amerikanske Matilda (14) har enno ikkje heilt forstått korleis valsystemet i landet hennar fungerer, sjølv om dei har om det på skulen. No har du sjansen til å lære deg det.

0
KAMPEN OM USA: Så mange stemmer har kvar stat når den neste presidenten i USA skal veljast. Den som får flest stemmer vinn ein stat. Dei gule statane er dei som fekk færre stemmer sidan presidentvalet i 2008, og dei blå viser kven som fekk fleire stemmer. Vekst fører til fleire stemmer, medan nedgang i folketalet fører til færre.

Heile verda følgjer med på framtida til USA. Presidentvalet i USA er ganske forskjellig frå korleis det er i Noreg. Tysdag gjekk mange millionar veljarar og stemte på den presidentkandidaten dei likte best. Uansett om det er Joe Biden eller Donald Trump som får mest stemmer, så er det ikkje det som avgjer presidentvalet i USA.

SUPERKREFTER. Matilda er oppkalla etter hovudpersonen i boka av Roald Dahl. Ho skulle ønskje at ho også hadde superkrefter.

I USA stemmer veljarane på Biden eller Trump i den staten dei bur. I kvar stat handlar det om å få flest stemmer. Kvar stat har nokre valmenn som har lova å stemma på den presidentkandidaten som får flest stemmer i staten. Den som blir president, er den som får fleirtalet av stemmene frå valmennene. Til saman er det 538 valmenn i USA som vel presidenten.

Les intervjuet med Matilda, der ho fortel om kva ho tenkjer om presidentvalet her.

Dei viktige vippestatane

Kvar stat har eit ulikt tal valmenn. California har flest, med 55 valmenn, medan Washington DC og sju statar har færrast, med 3 valmenn. Den som får flest stemmer i kvar stat vinn alle valmennene. Derfor er mange opptatt av vippestatane. Det er statane der det er usikkert kven som får flest stemmer. I dette valet har den nest største staten, Texas, òg blitt ein vippestat. Tidlegare har denne vore ein sikker stat for republikanarane, men dei siste vekene har det vore nesten likt mellom dei to partia. Florida er òg ein viktig vippestat som har avgjort valet mange gonger før.

Vann folket – men tapte Det kvite huset

Ved sist presidentval fekk Hillary Clinton flest stemmer, men tapte likevel valet fordi Donald Trump vann flest valmenn. Før valet i 2020 har det skjedd fem gonger at presidentkandidaten med flest stemmer i heile USA likevel har tapt valet.

Framtida Junior føljer Presidentvalet i USA. Følg med på Framtidajunior.no for å få med deg siste nytt!