14-åring med oppdaging som kan føre til koronakur

Då koronapandemien braut ut bestemte amerikanske Anika Chebrolu seg for at ho ville bidra til å finne ei løysing.

14 år gamle Anika Chebrolu vart denne veka utropt til USA sin fremste unge forskar, då ho gjekk av med sigeren i vitskapskonkurransen 3M Young Scientist Challenge. 

Ho hadde eigentleg tenkt til å undersøke influensaviruset, etter ho vart klar over kor mange som døyr av influensa i USA kvart år.

Men så kom koronapandemien, og snudde verda på hovudet på kort tid. Då endra ho planane sine – ho ville graske SARS-CoV-2-viruset.

– Der er ikkje mange effektive behandlingar mot koronaviruset, og mitt antivirale medikament vil forhåpentlegvis hjelpe verda og redde mange liv, seier Anika i ein video hjå Now This.

Ein potensiell kur

I arbeidet sitt har Anika Chebrolu granska det såkalla spike-proteinet i SARS-CoV-2-viruset som gjer det mogeleg for viruset å trengje inn i celler.

Ved hjelp av ei database på nesten 700 millionar molekylbindingar, har Anika kome fram til ei hovudbinding som potensielt kan binde seg til spike-proteinet, og hindre det frå å infisere friske celler.

Såleis har ho skapt det som kan verte eit nytt antiviralt medikament.

Til Now This seier Anika at ho vil samarbeide med virologar og spesialistar på legemiddelutvikling for å gjere molekyl-oppdaginga hennar om til ein kur.

Dr. Cindy Moss, ein av dommarane i konkurransen, rosar Anika Chebrolu overfor CNN:

– Hennar vilje til å bruke tida og talentet sitt for å hjelpe til med å gjere verda til ein betre plass, gjev oss alle håp.

Sjå videoen der Anika forklarar oppdaginga si: