Stillehavsøsters trugar norske badestrender

Har du vore på ei stand der du plutseleg har kjent skarpe kantar under føtene? Då er det kanskje stillehavsøstersen du har møtt på.

Sigve Berg-Jacobsen (12), Jakob Paul Hundhausen (9) og Georg Hjerde (9) frå Nesodden var med på å plukke vekk østers frå stranda der dei likar å bade.

OVERRASKA: – Eg blei veldig overraska av å få vite at ein stillehavsøsters kan få cirka 2 millionar barn. Foto: Privat

– Det var veldig bra med ein aksjon mot stillehavsøsters, men det vart litt kaldt og vondt under føtene, fortel Jakob. 

– Ja, vi leita og plukka – og dei vi fann samla vi inn for å knuse, seier Georg.

ØSTERS: Slik ser ein stillehavsøsters ut. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

For å fjerne østersane tok miljøagentane på seg vadestøvlar, badeklede, hanskar og badesko. 

– Så hadde vi kvar vår bøtte med gjennomsiktig botn, så vi kunne sjå østersane, fortel Sigve.

Dei fann mange.

– Av og til var det vanskeleg å skilje mellom stillehavsøsters og andre østers. Men det fekk vi hjelp av dei vaksne til å finne ut av. Vi hadde med oss to vaksne – ein frå Nesodden kommune og ein frå Oslofjordens friluftsråd, fortel han.

VONDT: – Det vart litt kaldt og vondt under føtene, fortel Jakob Paul Hundhausen (9). Foto: Privat

Stillehavsøsters har spreidd seg til naturen frå oppdrettsanlegg. Østersen blei nemleg tatt med til Europa av østersoppdrettarar på 1960-talet. 

Stor risiko

Stillehavsøsters er ein framand, skadeleg art i norsk natur. Framande artar kan gjere stor skade på norsk natur ved at dei øydelegg leveområda for artar som naturleg lev her. Stillehavsøsters står på Artsdatabankens framandartsliste frå 2018 – i kategorien svært høg risiko. 

Difor har myndigheitene bedt nordmenn om å plukke så mykje som mogleg av østersen, slik at han ikkje øydelegg norske strender. Stillehavsøsters formeirer seg i eit høgt tempo. Difor er den ikkje enkel å bli kvitt. 

– Eg blei veldig overraska av å få vite at ein stillehavsøsters kan få cirka to millionar barn. Flesteparten av dei døyr før dei byrjar å vekse, men mange overlever, fortel Sigve.

SAMLA: – Dei vi fann samla vi inn for å knuse, seier Georg Hjerde (9). Foto: Privat

Klimaendringar gjer det verre

Før 2007 var det ikkje registrert stillehavsøsters i Noreg. I dag har den fått fotfeste i fleire område langs kysten i Sør-Norge, særleg frå Østfold til Agder. Det er også mykje stillehavsøsters i Rogaland, og den er no også å finne i Vestland fylke.

Klimaendringar vil ifølgje Miljødirektoratet gjere til at arten spreier seg 30-40 mil lenger nord enn i dag innan år 2100.

JUBEL: Representantane frå Nesodden kommune og Oslofjorden friluftsråd jubla over dagens fangst. Foto: Miljøagentane