Kvifor skriv nokon med venstrehanda?

Hjernen styrer kva hand vi skriv best med. I dag er cirka 90 prosent høgrehendte og 10 prosent venstrehendte.

Det er framleis et lite mysterium kvifor nokon blir venstrehendte og nokon blir høgrehendte.

Mange tusen år gamle skjelett viser at høgre hand har vore brukt oftare enn venstre. I dag er cirka 90 prosent høgrehendte og 10 prosent venstrehendte.

– Og slik er det over heile verda, uansett kultur, religion og nasjonalitet, seier professor Kenneth Hugdahl ved Universitetet i Bergen til Ung.Forskning.no.

To halvdelar

Hugdahl fortel at grunnen til at nokon er venstrehendte, finst i hjernen.

Hjernen er delt i to: Ein venstre hjernehalvdel og ein høgre hjernehalvdel.

Merkeleg nok er det den venstre delen som styrer høgrehanda, og den høgre delen som styrer venstrehanda. Det gjeld også beina våre.

Gener eller skade

Det er gener som avgjer om vi er høgrehendt eller venstrehendt, ifølgje professor Hugdahl. Men slik er det ikkje i alle tilfelle. Det kan også skje ved at den eine hjernehalvdelen blir skada i svært ung alder. Anten at vi slår oss i hovudet, eller at vi får ein svulst eller hjerneblødning.

– Då skjønar hjernen fort at kontrollen over hender må byte plass. Viss skaden skjer i venstre hjernehalvdel, blir kontrollen overført til høgre halvdel. Då går du frå å vera høgrehendt til å bli venstrehendt, seier Hugdahl til Ung.Forskning.no.