Skrivekonkurranse: Skriv eit intervju eller ei sak for Framtida Junior!

Bli med på skrivekonkurranse på Framtida Junior, og vinn fine premiar!

Vel éi av desse oppgåvene:

1. Skriv eit intervju med ein elev på skulen din som driv med ein kjekk fritidaktivitet. Sjå gjerne tips til spørsmål i spalta vår Min hobby.

2. Skriv ein artikkel eller eit intervju om eit miljøproblem eller ei miljøløysing som du meiner er viktig at fleire får lesa om. Sjå tips til miljøsaker som du kan skriva her!

3. Skriv eit lesarbrev om ei sak som du er opptatt av. Her får du tips til å skriva lesarbrev! 

Konkurransereglar:

  • Format: Word-fil
  • Lengde: Maks 450 ord, men gjerne kortare
  • Premie: 1. plass: Abonnement på Framtida Junior og Framtida Junior-t-skjorte. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar og Framtida Junior-t-skjorte.
  • Aldersgrense: under 14 år
  • Innleveringsfrist: 29. november
  • Målform: Nynorsk

Send inn til framtidajunior(a)gmail.com

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.

Dersom me vil publisera det du skriv, så tar me kontakt! Det er fint om du òg har kontaktinformasjon til den eller dei du har intervjua eller foreldra deira, slik at me kan høyra med dei om det er greitt at dei kjem på Framtidajunior.no.

LES OGSÅ: Slik lagar du ein nyheitsartikkel

LES OGSÅ: Slik skriv du bokmeldingar

LES OGSÅ: Del meiningane dine, og ver med på å bestemma!