Desse bøkene les barn no

Bukkene Bruse og Detektivbyrå nr. 2 var dei mest populære barnebøkene i september, men det er også ein nykomar på lista.

Hausten er ei fin tid for å ligge på sofaen med ei god bok, men kva bøker er mest populære å lese no? Tal frå Bokhandlerforeningen viser kva barnebøker som blei kjøpt av flest i september.

Øvst på lista er siste bok i den populære serien om Bukkene Bruse, av forfattaren Bjørn F. Rørvik, og på andre plass ei ny bok om Detektivbyrå nr. 2 av Jørn Lier Horst.

Men boka som var den tredje mest selde er skriven av ein heilt ny forfattar, Gulraiz Sharif, og handlar om pakistanske Mahmoud og familien i Oslo. Det er ein ungdomsroman som mange har syntest var både morosam og annleis å lese.

Kanskje oktober er ein månad for å prøve nytt og spennande lesestoff? Eller kose seg med å løyse nok eit mysterium saman med Tiril og Oliver i Detektivbyrå nr 2? Eller kanskje begge deler?

Her ser du lista over dei ti mest selde bøkene for barn i september: