Denne kista har ikkje blitt opna på 2600 år

Heile 59 kister med mumiar i vart nyleg oppdaga i Egypt. No er den fyrste av dei opna.

I Egypt, nær landets eldste pyramide, Djoser-pyramiden, har arkeologar oppdaga heile 59 nye sarkofagar med mumiar i.

Ein sarkofag er ei type staseleg likkiste som dei gamle egyptarane gravla døde menneske i. Kista hadde same form som omrisset av ein menneskekropp, og var gjerne pynta med innskrifter og måleri med scener frå den døde sitt liv.

Ingen av dei 59 sarkofagane hadde vore opna sidan dei vart gravlagde for over 2600 år sidan. Dei er framleis i svært god stand. På innsida av dei ligg dei mumifiserte kroppane til prestar, politikarar og andre viktige personar som levde for 2600 år sidan.

Sjå den fyrste av sarkofagane bli opna her: (saka held fram etter videoen)

Mumiar får evig liv

Mumien til faraoen Ramses 2 er ein av dei best bevarte frå det gamle Egypt. No står den på museum i hovudstaden Kairo. Foto: Wolfman12405 CC BY SA 4.0

Egyptarane hadde ein rekke teknikkar for å bevare døde kroppar som mumiar. Dei fjerna dei indre organa, og la kroppen i saltavleiringar for å tørke den ut. Dersom den døde hadde råd til det vart kroppen også handsame med dyre oljer og harpiksar. Til slutt blei kroppen surra inn i fleire lag med linbandasjar, og plassert i ein eller fleire sarkofagar, ifølgje Store Norske Leksikon.

Egyptarane trudde at det å bevare den døde kroppen på denne måten var naudsynt for at sjela skulle få evig liv mellom gudane og forfedrane.

Ikkje berre menneske, men også døde dyr vart balsamerte. Det er funne mumiar av mellom anna kattar, bavianar, falkar og krokodiller. Forskarar trur desse var meint som gåver til gudane.