Rekordmange elefantbabyar i Kenya

No er det dobbelt så mange elefantar i Kenya som for 30 år sidan. Landets innsats for å verne dyra har vore ein stor suksess.

Det er gode tider no for elefantane i Kenya, ifølgje Verdens Beste Nyheter. Det er nemleg dobbelt så mange elefantar i landet som det var i 1989, det året regjeringa bestemte at landet sine trua dyr skulle vernast av væpna vakter.

Regjeringa sette ut vakter med våpen for å passe på elefantane.

Krypskyting, som er jakt på trua dyreartar utan lov, var lenge eit stort problem for elefantflokkane i Kenya. I 1989 fanst det berre 16.000 dyr igjen i heile det store landet.

Derfor sette regjeringa ut vakter med våpen for å passe på elefantane og fange dei som prøvde å drepe dei. Straffa for krypskyting kan vere frå ei bot på 3000 kroner og opp til ti års fengsel.

HAR DET BRA. Elefantar ved foten av Kilimanjaro, Afrikas høgaste fjell, som ligg i Kenya.

Tvillingelefantar

Det har vore ein stor suksess. På slutten av 2019 vart det telt opp rundt 34.800 elefantar i Kenya.

Det har til og med blitt født eit tvillingpar, som er uvanleg for elefantar.

I nasjonalparken Amboseli, ved foten av Kilimanjaro, har dyra det så godt at det i år har blitt fødd rekordmange elefantbabyar. 140 nye elefantar er allereie fødde berre i parken, og fleire er på veg. Det har til og med blitt født eit tvillingpar, som er uvanleg for elefantar.

Medan Kenya har lukkast i å verne elefantane sine, er krypskyting eit aukande problem i andre afrikanske land. Undersøkingar viser at Afrika mista rundt 144.000 elefantar frå 2007 til 2014.

Ein årsak til dette er at mange vil kjøpe elfenbenet frå støttennene deira, for å bruke i medisin. Heldigvis har både Kina og Hong Kong, to av dei største marknadane for dette, no gjort det forbode å handle med elfenben.