Nye tal: Éin million døde av korona

Verda passerte éin million dødsfall på grunn av covid-19-pandemien, viser tal frå Worldometer.

Det første bekrefta dødsfallet av sjukdommen blei registrert i Wuhan-provinsen i Kina 9. januar, mens det første dødsfallet utanfor Kina blei registrert 1. februar på Filippinane, ifølgje NRK.

Pandemi

Sidan då har virussjukdommen utvikla seg til å bli éin av dei største pandemiane sidan Spanskesjuka herja for hundre år sidan.

33 millionar menneske er no registrert smitta, ifølgje Worldometer. I Noreg er det 13.658 registrerte smitta.

USA har flest døde i verda, med over 209.000 døde. Her er over 7,3 millionar registrert smitta.

Heidra dei døde

Familiane etter folk som har døydd av koronaviruset heidra dei døde med 53.000 spanske flagg i hovudstaden Madrid på søndag.

Spania er eitt av landa i Europa som er hardast råka av covid-19, og har no opplevd ein ny auke i smitten.