Kva er det eldste namnet i verda?

Å vite kva som var det aller fyrste namnet eit barn fekk her på jorda, er umogleg. Men, forskarane har funne namnet som fyrst blei nedskrive.

– Det har aldri vore eit folkeslag som ikkje brukar namn, sa namneforskar Birgit Eggert i eit intervju med nettavisa Videnskab.dk. Det å bruke namn på kvarandre, er like gamalt som å snakke, meiner ho.

Dermed er det umogleg å finne ut kva som var det aller fyrste namnet. Men, det fyrste namnet som blei skrive ned, har forskarar funne, ifølgje Ung.Forskning.no.

Skrive på leirtavle

Det eldste namnet er skrive på ei leirtavle. Det var nemleg vanleg at handelsfolk hogde inn avtalar på den måten. For fem tusen år sidan i landet Sumer blei det gjort ein avtale om kjøp eller byte av korn. Det skulle leverast over tre år, så det var nok verdt å få rissa avtalen inn på ei leirtavle. Kushim sette namnet sitt på avtalen.

Det er funne fleire slike avtalar rissa i leire i Sumer, som låg i dagens Irak, men forskarar meiner at tavla med namnet Kushim er den eldste.

Det eldste norske namnet

I Noreg er det runer som er dei eldste skriftteikna. Dei blei hogd inn på steinar, i kyrkjer, på våpen og smykke. Dei fyrste runane som er funne, er frå 200-talet, altså for litt over 1800 år sidan.

Dei som rissa inn runene skreiv gjerne inn sitt eige namn eller andre sitt.

Kva namn som aller fyrst blei rissa inn, er umogleg å seie, men dette er nokre av dei fyrste namna:

  • StainawarjaR
  • HagustaldaR
  • Wodurid
  • Wiw
  • Isni