Plastforureining i havet

Forsøpling av havet er eit problem, og plast er ein alvorleg og stor del av dette. Dyr døyr, og det er funne mikroplast i menneske. Kor omfattande er denne forsøplinga, og kva kan vi gjere?

Kva er plast og kva vert det brukt til?

Plast blir brukt til veldig mykje. Mellom anna som eingongplast og innpakking av matvarer, til forbruksting som vi menneska brukar i det daglege – som sjampoflasker og mobiltelefon. Det er vanskeleg å førestille seg eit samfunn utan plast.

Plast blei funne opp på 1800-talet, og det blir årleg produsert ekstreme mengder. Faktisk blir 300 millionar tonn med plast produsert kvart år. Det er tilsvarar 900 bygningar på storleiken av Empire State Buildning i USA.

Plast har lang haldbarheit og er tungt å bryte ned i naturen. Dette fører til at plastprodukt ofte vert eit forsøplingsproblem. Mykje av forsøplinga er synleg, men det er mykje som ikkje er synleg for oss. Slik som vi kjenner til frå kvalen på Sotra som hadde fått i seg titals med plastposar.

Ein reknar med at 10 millionar tonn plastsøppel endar opp i hava kvart år.

Plast vert laga i hovudsak av olje. Det betyr at for å lage plast blir det også utslepp av klimagassar som ikkje er bra for den globale oppvarminga.

Kva består plastproblemet i?

Kjernen i plastproblemet er at det meste vert kasta – det vert brukt berre éin gong. Dette, kombinert med at plasten knapt vert broten ned i naturen, skapar store problem. Det er berekna at det går 450 år før ei plastflaske brytast ned. Dermed får vi over tid ei veldig opphoping av plastsøppel. Forskarar har rekna ut at av dei åtte milliardar tonn plast som er produsert sidan 1950, er rundt 5 milliardar tonn – over halvparten – vorte til søppel.

Mikroplast

Vil skil mellom plast, mikroplast (mindre enn 5 mm) og nanoplast (mindre enn 1 mikrometer, eller 0,001 mm). Medan plastavfall er lett synleg, er mikroplast og nanoplast vanskelegare å sjå og har difor ikkje vorte gjenstand for særleg merksemd før nyleg. Over tid vert nemleg plasten i vatnet sliten opp i mindre bitar og vert til mikroplast. Det er også ein betydeleg tilførsel av mikroplast til hava gjennom produkt som inneheld mikroskopiske plastpartiklar, slik som tannkrem, reingjeringsmiddel og måling.

I nokre tannkremar er det mikroplast. Foto: PIxabay

Plast i hava

Ein finn plast i alle hav, til dels i store mengder. Det er funne store samlingar av plastsøppel i såkalla gyrer i Stillehavet, område der havstraumane møtast og fører saman søppel i store konsentrasjonar. Sjølv i Polhavet har ein funne plast – ei undersøking viste at ein liter smelta is innheldt 234 partiklar. I norske havområde er det påvist at det finst over 200 bitar av søppel per kvadratkilometer, og plast er den største kategorien innan søppel.

Kven slepp ut mest plast i hava?

Meir enn halvparten av plastavfallet kjem frå fem land: Kina, Indonesia, Filippinane, Vietnam og Sri Lanka.

Kva er konsekvensane av plastforsøplinga?

Det er menneska sitt mest alvorlige miljøproblem.

Eit anna problem er som nemnt at fiskar, fuglar, skilpadder, selar og andre dyr set seg faste i plast eller at dei får det i seg. For i underkant av to år sidan fann forskarar på Sotra utanfor Bergen ein sjuk gåsenebbkval med 30 plastposar og store mengder mikroplast i magen. Denne måtte avlivast. Vi har også undersøkingar ved Svalbard kor ein har funne at også sjøfugl har plast i magen. I tillegg er det langs heile norskekysten funne plast og mikroplast i blåskjel, som ligg på botnen og filtrerer sjøvatnet.

Kva gjer vi i Noreg?

I Noreg har vi system for avfallshandtering som fangar opp mykje av plastsøppel. For det synlege søppelet i strandsona er det eigne ryddekampanjar. Strandryddeveka 2018 hadde rundt 90.000 deltakarar. Det finst returordningar for fiskereiskapar og plastavfall.

Den største kjelda til plastforureining i Noreg er likevel – kanskje overraskande – slitasje av bildekk.

Konklusjon

Forureining av verdshava er eit betydeleg globalt miljøproblem. Forureining i form av søppel, og spesielt plastsøppel, er eit av dei mest omfattande av desse problema.

I eit globalt perspektiv er det aller viktigaste tiltaket at ein må få på plass gode ordningar for avfallshandtering og oppsamling av plast der slike manglar. Det er dette som er avgjerande viktig for å stanse tilførselen av plast til hava.

Dette er ein forkorta versjon av teksten til Alf Håkon Hoel, Professor, UiT – Norges arktiske universitet.