Framtidajunior Kultur Stor DNA-studie endrar biletet av vikingar: Ikkje blonde og høge likevel
MÅLERI: Ferdinand Leeke / Wikipedia Commons

Stor DNA-studie endrar biletet av vikingar: Ikkje blonde og høge likevel

Vikingane var ikkje nødvendigvis høgreiste og blonde. Det var derimot ganske mange med mørkare pigment og mørkare hår viser ein ny studie.

Oppfatninga av at skandinaviske vikingar var høgreiste og blonde må justerast etter DNA-analysar av 442 skjelett. 46 av dei er funne i Noreg, skriv Framtida.no.DNA-studien «Population genomics of the Viking world» vart publisert i Nature og stadfestar mykje ein i over hundre år har vore ganske sikker på. Som at vikingtida medførte mykje reising, for nordmenn ofte til Island, Irland, Grønland og Skottland, og samkvem med andre folk, slik at skandinaviske gen spreidde seg.

Skandinavane blanda seg òg meir med kvarandre i denne epoken, og det kom innvandrarar hit frå aust og sør i Europa.

Ikkje éin typisk viking

Men så er det nokre overraskingar i studien òg, seier leiar for det norske arbeidet, Jan Bill, som er professor i arkeologi ved Kulturhistorisk museum.

– Før vikingtida var det, litt overraskande, tre ganske ulike befolkningar samanlikna med kvarandre: Ein i Noreg, ein austskandinavisk i Sverige og ein sørskandinavisk i Danmark og Skåne. Det viser at geografi har hatt ei stor betydning for kven ein fått barn med. Ein heldt seg til dei ein budde i nærleiken av. Vi trudde dei tre gruppene var tettare integrert på grunn av sjøfarten, òg før vikingtida, men tydelegvis ikkje, seier Bill til NTB.

Då forskarane såg på DNA som fortel om utsjånad, som hårfarge og høgd, fann dei at det ikkje er noko slikt som éin typisk viking: Dei var ikkje nødvendigvis høgreiste og blonde. Det var derimot ganske mange med mørkare pigment og mørkare hår.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR