– Unge bør få korona-informasjon på TikTok

Barn og unge ser gjerne ikkje på nyheiter kvar dag, men er ofte på sosiale medier. Der kan dei få informasjon om koronaviruset, meiner forskarar.

Amerikanske forskarar har undersøkt kva som skal til for å nå ut med informasjon til barn og unge om koronaviruset. Halvparten av 10-11-åringar nyttar TikTok kvar veke, så forskarane meiner det kan vera ein lur måte å nå ut med nyheiter om viruset, ifølgje Ung.Forskning.no.

Ung.Forskning.no har snakka med Marika Lüders som er professor i medier på Universitetet i Oslo. Ho forskar på korleis barn og unge brukar ulike medium.

– Folkehelseinstituttet har ein eigen Instagram-kanal for unge, som heiter Folkehelse_ung, og dei er også på Twitter og Facebook, fortel Lüders.

Nyheiter dukkar opp i sosiale medier. Det gjer at unge, som gjerne ikkje bryr seg om å sjå nyhende, også får med seg viktig informasjon, seier Lüders.

Stor utfordring

Lüders menier at helsemyndigheitene har ei stor utfordring i å halde fokuset på smittevern oppe.

Då kan myndigheitene bruke sosiale medium til å minne om korleis vi bør oppføre oss, og kvifor.

Ho trur TikTok kan nyttast til helseinformasjon i Noreg.

– TikTok har hatt ein enorm vekst i antall brukarar, og særleg unge brukarar.