Regjeringa hentar barnefamiliar frå Hellas etter storbrann

Regjeringa set i gang med å hente ut barnefamiliar frå Hellas etter brannen i Moria-leiren. 50 asylsøkjarar skal hentast, stadfestar statsminister Erna Solberg (H).

– Vi set i gang no, seier Solberg.

– Det avklarte vi i dag tidleg etter at vi såg bileta, seier ho vidare.

Natt til onsdag stod asylleiren Moria på øya Lesvos i brann. Fleire tusen har vorte evakuerte frå leiren, som var sett i karantene på grunn av koronasmitte.

– Vi har vedteke at vi skal hente 50 personar frå Moria-leiren, fyrst og fremst barnefamiliar, og handsame deira asylsøknadar, seier Solberg til NRK .

Dei 50 personane vert trekt frå kvota på 3000 kvoteflyktningar som regjeringa har sagt dei skal ta i mot i år.

– Kaotisk situasjon

Ifølgje statsministeren har det lenge vore klart kor mange asylsøkjarar frå Hellas som Noreg vil hente ut.

– Instruksen for dette har lege klar for å sendast så fort vi såg at andre land gjorde seg klare, seier Solberg.

Etter forhandlingar i mai vart regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF samde om at Noreg skal hente asylsøkjarar frå Hellas, føresett at 8–10 andre land gjer det same. Så langt har sju andre land henta.

Statsministeren seier regjeringa ønskjer å setje i gang no, trass i at minstekravet ikkje er innfridd.

– Vi har sagt at no bør vi setje i gang, på grunn av den situasjonen som er no, sjølv om vi manglar det siste landet for minsteterskelen vi sette, seier Solberg.

– I den situasjonen og det kaoset som er no, så er det greitt at vi berre kjem i gang, legg ho til.