«Å vere ute er mykje betre enn å vere inne og spele»

Naturen er ein draum, kvar gong nokon er ute på tur eller berre trekker litt frisk luft inn frå naturen, hjelper naturen oss.

Eg elskar naturen og det trur eg dei fleste andre gjer, det trur eg fordi naturen er fin og heilt fantastisk når nokon kjem seg ut på tur, det finst mange fine dyr og blomar og masse fine ting i naturen.

Me hjelper naturen når me pustar ut og naturen hjelper oss når den pustar ut. Me hjelper naturen med pusten vår, den er frisk når me pustar på eit tre, for eksempel. Naturen hjelper oss også med pusten og næringa som kjem ut av alle planter.

Å vere ute er mykje betre enn å vere inne og spele

Forholdet mitt til naturen er kjempebra, eg er masse ute på tur eller å jobbe i hagen med drivhuset eller så er eg berre ute å nyter vêret og naturen. Eg er ute kvar dag eg kan, fordi eg liker å vere ute. Å vere ute er mykje betre enn å vere inne og spele, eg synest at alle burde vere ein time ute kvar dag.

På Hardangervidda

Nesten kvar sommarferie me har, så pleier min familie og ein vennefamilie å gå over Hardangervidda og det er kjempekjekt, der går me frå hytte til hytte i to veker.

Me har ingen dekning der og det synest eg er bra, for då snakkar me og speler brettspel og sånt. Me opplever mykje rart og kjekt og litt skummelt der. Ein gang då me måtte krysse ein stor og djup elv måtte me kle av oss og vasse over opp til magen, det var kjempeglatt og eg og Julia haldt på å dette.

Viss me hadde dotte så hadde me dratt med straumen og dotte ut og ned eit litt stort fossefall. Me isbada også, og det var kjempe kaldt og kjekt. Mange plasser var det snø, me hadde det heilt fantastisk. Så eg oppfordrar alle til å vere ute i naturen.

Tomine Sortland Kallevåg, 12 år, Svortland skule

Innlegget blei sendt inn til skrivekonkurransen vår om miljø.

Har du noko på hjartet? Send det inn til junior @ framtida.no