Sjå den fantastiske dansevideoen til Anthony

11 år gamle Anthony frå Nigeria imponerte heile verda med videoen der han dansar ballett barfot i regnet.

Anthony Mmesoma Madu (11) er ein av få gutar i Nigeria som dansar ballett. Han går på danseskule i hovudstaden Lagos, der han for ein månad sidan blei filma medan han dansa barfot ute i gata i regnet.

Danselæraren hans delte videoen i sosiale mediar.

Dei som fekk sjå Anthony danse blei så imponerte at det endte med at videoen gjekk viralt, og vart sett av fleire millionar menneske over heile verda.

Fekk skuleplass i USA

Ein av dei som såg videoen var leiaren av ein kjent danseskule i USA, American Ballet Theater. No har Anthony fått tilbod om plass på skulen, som ligg i New York.

Til BBC News seier den talentfulle ballettdansaren at han er glad for at så mange har sett videoen.

– Det er fantastisk å danse! Når mamma sender meg ut på eit ærend dansar eg alltid før eg går dit.

Gutar kan danse ballett

Anthony håper at han kan inspirere fleire gutar til å danse ballett:

– Der eg bur er det veldig få mannlege ballettdansarar. Dei trur at ballett er kun for jenter, men det er jo ikkje sant.