Hennika (11) vann MGPjr-finalen

Hennika Eggum Huuse frå Oslo er årets vinnar av MGPjr.

Laurdag 22. august vart MGPjr arrangert for 19. gang. I år gjekk finalen av stabelen i Oslo spektrum.

Hennika Eggum (11) blei fyrst stemt fram til superfinalen saman med Emu og Abu og Blixmusic og Maiken. Etter ein nervepirrande superfinale kunne Hennika løfte troféet over hovudet i full jubel.

– Dette har eg drøymt om lenge, og eg er veldig glad for at eg kom med

Det sa ei veldig nøgd Hennika til NRK etter finalen.

«Du er perfekt!» var årets tema. Dette var også tittelen på årets felleslåt som alle deltakarane song saman.