Fann sverd frå vikingtida

Vegard Høystad-Lunna elskar å leite etter gamle skattar på jorder.

– Eg stikk ut så fort eg har tid, seier Vegard til NRK om hobbyen sin som er å søkja etter oldtidsfunn med metalldetektor.

Nyleg varsla detektoren at han hadde funne jern. Vegard tenkte fyrst at det måtte vera søppel, men signalet han fekk frå detektoren viste at det var ein lang gjenstand.

Teksten held fram under bilete.

Foto: Privat

Rundt 10 cm under jordoverflata fann han noko bøygd og rustent.

– Eg visste ikkje då at dette var ei sverdklinge eg haldt rundt. I enden av metallskkrotet kom hjaltane og sverdknappen til syne. Då såg eg at det var eit sverd, fortel Vegard til NRK.

Det han hadde funne, viste seg å vera eit godt bevart sverd, antakeleg frå tidleg vikingtid.