Veit du kva blodtype du har?

Alle har blod, men vi har ulike typar. A, B, AB og 0 er blodtypane vi kan arve frå foreldra våre.

Kva blodtype du har tyder ikkje så mykje for helsa, men kan påverke korleis kroppen taklar enkelte typar sjukdomar, skriv Ung.Forskning.no.

Korona-viruset og blodtype

Forskarar har sett på kva folk som ikkje blir veldig sjuke av koronaviruset har til felles. Dei tok blodprøvar av pasientar som var sjuke, og fann at det var færre med blodtype 0 som vart alvorleg sjuke av koronaviruset.

Andre forskarar har funne at dei som har blodtype AB oftare får hjartesjukdomar, medan dei med blodtype 0 har litt mindre sjanse for å bli sjuke.

I mange land er kolera og malaria alvorlege sjukdomar. Dei med blodtype 0 blir hardare ramma av kolera, men døyr sjeldnare av malaria.

I Noreg er flest type A

Nær halvparten av oss som bur i Noreg har blodtype A, ifølgje Store Norske leksikon. Det er ganske få som har type B og AB. Fire av ti personar i Noreg har blodtype 0.

Viss vi ser på alle folk i verda, så er blodtype 0 det vanlegaste. Men det er skilnadar frå land til land. I Asia og Sentral-Europa er B og AB vanleg. Medan urfolk i Peru og Brasil berre har blodtype 0. Skilnadane kjem av korleis menneska har spreidd seg rundt i verda.