Gladnytt: Ny rekord for elefantbabyar i Kenya

Talet på elefantar i Kenya er meir enn dobla dei siste 30 åra.

Berre så langt i år er det fødd 138 elefantar i nasjonalparken Amboseli i Kenya. Aldri før har det blitt fødd så mange elefantar i løpet av dei første sju månadene. Rekorden på 201 på eitt år kan bli slått, melder avisa Star i Kenya.

– Det verkar som elefantane regnar frå himmelen, seier Cynthia Moss til avisa. Ho er direktør for ein organisasjon som jobbar for å ta vare på elefantane i nasjonalparken.

Regn er godt for elefantane

Regn og godt med planter og tre blir sett på som ei forklaring på det høge talet på fødslar. Det betyr at færre elefantar døyr av tørst og mangel på mat.

Kenya har òg kjempa hardt mot krypskyttarar som drep elefantar for å få tak i den verdifulle støttenna deira.

Elefantane er gravide i 22 månader, og nokre år er det fleire fødslar enn andre. To gonger før har det vore fødd nesten like mange elefantkalvar som no. Sist gong var i 2011-2012.

Pixabay

Fleire i Kenya – færre i Afrika

Talet på elefantar i Kenya har gått frå 16.000 elefantar i 1989 til 34.800 i 2019, ifølgje Kenya Wildlife Service.

Men viss ein ser på heile kontinentet, ser det ikkje like lyst ut. Frå 2007 til 2014 blei det 144.000 færre savanneelefantar i Afrika, ifølgje ei stor teljing. Det betyr at nesten éin av tre savanneelefantar forsvann i Afrika i løpet av åtte år.

Krypskyttarar får hovudskulda for nedgangen.

LES OGSÅ: Kvifor lever nokre dyr lenge, og nokon dyr kort tid?