Ber folk om å la skuleelevar få gå først på bussen

Folkehelseinstituttet oppmodar vaksne som ikkje har arbeid i kritiske samfunnsfunksjonar til å vika for skuleelevar på kollektivtransport.

Ferien er over og skuleelevar byrjar snart å ta buss, tog og trikk. No ønsker Folkehelseinstituttet at folk skal la skuleelevane få prioritet på kollektivtransporten.

– Dersom du skal gå på ein buss som er i ferd med å bli full, og du ikkje har arbeid i kritiske samfunnsfunksjonar, oppmodar vi deg til å la skuleelevar få gå på i staden for deg sjølv, seier Margrethe Greve-Isdahl ved Folkehelseinstituttet.

Om transportmiddelet blir fullt før du får komme på, blir du oppmoda til ikkje å gå på, men heller venta på neste avgang eller finna alternativ transport.