Sunniva vann skrivekonkurransen

Sunniva Skjeldestad (12) vann skrivekonkurransen med diktet Naudropet. Konkurransen var eit samarbeid med seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

Sunniva (12) hadde sommaravslutning nede ved stranda, då ho fekk vite at ho var vinnar av skrivekonkurransen.

Ho var ein av over 100 som sendte inn bidrag til skrivekonkurransen. Ho skilde seg ut med det gripande diktet Naudropet.

Meisterleg skrive

At ein tolvåring har skrive eit slikt dikt er meisterleg, sa juryen då dei hadde møte om kven som skulle vinne.

Det var uventa, men eg blei veldig glad, fortel Sunniva over telefonen då Framtida junior pratar med henne.

Eg skreiv diktet fordi eg syntest det er eit viktig bodskap å fortelje. Eg skreiv om jorda slik eg trur det kan kome til å skje om vi ikkje gjer noko.

Gode verkemiddel

Sunniva likar å skrive, og les mykje bøker. Særleg faktabøker. Boka om insekt gav ideen om å skrive diktet, ilag med andre faktabøker ho har lese.

I diktet ho skreiv byrja kvart vers med eit nytt årstal, der Sunniva skriv om jorda i framtida.

Eg gjentok den første linja i kvart vers, med årstalet slik at det skulle vere lettare å forstå kva tid eg skreiv om.

LESEHEST: Sunniva Skjeldestad (12) er glad i å lese bøker. Særleg faktabøker. Boka om insekt gav ideen om å skrive diktet, ilag med andre faktabøker ho har lese. Boka heiter “Insektenes planet” av Anne Sverdrup-Thygeson.

Vi må redde jorda

Naudropet er ein tekst som fortel oss lesarane korleis verda sakte men sikkert går under av menneskeskapte øydeleggingar.

Alle må gjere noko eller så skjer det noko som ikkje er bra. Det er fint at vi engasjerer oss. Slik at alle blir inspirert til å hjelpe naturen og redde jorda.

I tillegg til å skrive inspirerande dikt fortel Sunniva at der ho bur har dei ein fast ryddedag.

Vi har ein fast ryddedag i løpet av året, der vi ryddar stranda og vegen.

Skal bruke pengane miljøvenleg

Sunniva vann 1000 kroner og ho trur ho skal bruke pengane på noko miljøvenleg. Familien skal kanskje på ein sykkelferie.

Eg er litt usikker på kva eg skal bruke pengane på, men eg vil kanskje kjøpe ein ny sykkel, for eg skal på sykkelferie, seier Sunniva.