Les vinnarteksten: NAUDROPET

Sunniva Skjeldestad (12) skreiv diktet Naudropet og stakk av med sigeren i skrivekonkurransen vi hadde i samarbeid med seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

NAUDROPET

Framtida er i unge hender,

ansvaret er vårt.

Alle folk må hjelpe til,

me treng det jo så sårt.

Korleis skal det gå med alle,

viss ingen hjelper til?

De kan då ikkje meine,

at det er dette de vil?

 

Året det er 2020, 

framtida synes daud.

Verda blir ein søppelplass,

jorda er i naud!

Lite kan me utrette,

me har for lite makt.

Dette kan gå riktig ille!

Me har lite me skulle ha sagt.


Året det er 2040,

framtida synes å ende her.

Endringane skjer for fort,

for kloden me har kjær.

Alt håp synes ute,

for vår vesle jord.

Snart blir jorda aude,

utan eit menneskespor.

 

Året det er 2060,

tru det eller ei!

Livet vårt det ebbar ut,

jordkloden går lei.

Vaksne høyr vårt naudrop,

jordkloden kan dø!

Vil de verkeleg dette,

då må de vere sprø!

 

Året det er 2080,

kva er det de har gjort?

No er jorda øydelagt,

de bryr dykk ikkje stort!

De tenkte vel som så

at de ikkje skulle leve,

når jorda vår vart utsletta,

no kjem de til å streve!

 

Året det er 3020,

tusen år har gått.

Jorda ligg der tom og aude,

men det kom jo ikkje brått!

Tidlegare generasjonar,

dei burde skamme seg.

No har dei verkeleg øydelagt

vår fine leveveg.

 

Året er det ingen som tel,

for det finns ingen her som kan.

Jorda er fullstendig tom,

men me hadde jo ein plan!

Me skulle redde kloden,

den skulle jo bli frisk.

Men det vart visst ikkje slik,

det enda opp til sist.