Har funne fleire hundre helleristningar

Tre kameratar har dei siste 3-4 åra funne fleire hundre tidlegare ukjente helleristningar frå bronsealderen i Østfold.

Helleristningane blei laga av menneske som budde i Noreg for 3000 år sidan, skriv Ung.Forskning.

Magnus, Tormod og Lars går på jakt etter helleristningar om natta. Dei kostar bort jord for å finne dei gamle teikningane på berget. I lyset frå lommelykter får dei auge på bileta som har vore gøymt i mange tusen år.

Dei finn bilete av dyr, skip og folk. Dei finn også spor etter menneske som hogg i stein for å lage eit omriss av føtene sine på berget.

Kloke tankar

Magnus, Tormod og Lars har tenkt seg fram til at landskapet i Østfold har heva seg dei siste 3000 åra. Difor leitar kameratane etter helleristningar 15-20 meter over havet. Dette er stader som låg i vasskanten i bronsealderen. Det var nemleg vanleg å lage hellerisningar nær sjøen.