– Barn har ei usynleg språkmaskin i hovudet

Språkforskar Tina Ringstad trur små barn lærer språk ved hjelp av ei usynleg språkmaskin som alle menneske har i hovudet

For nokre år sidan blei språkforskar Tina Ringstad tante til ei lita jente. Då fann ho ut at ho ville forske på korleis barn lærer språk.

– Eg, og andre språkforskarar, trur små barn lærer språk ved hjelp av ei usynleg språkmaskin som alle menneske har i hovudet, fortel ho til Ung.Forskning.no.

– Når vi som barn høyrer språk rundt oss, lagar språkmaskina ei slags skulebok med språkinformasjon. Det gjer den av seg sjølv. Det betyr at den lagrar informasjon om kva eit ord betyr, korleis vi lagar fortid og fleirtal, og kva rekkefølgje orda skal vere i i ei setning, fortel Tina.

Språkmaskina treng tid på å utvikle seg å bli heilt ferdig.

– Difor kan det av og til skje at den gjer litt andre ting enn det den skal gjere. Då blir det slik at barn snakkar annleis enn vaksne, fram til språkmaskina skjønar kva den skal gjere.

Tina jobbar med å finne ut korleis barn sitt språk er annleis enn vaksne sitt.

– Det vil fortelje meg kva som er vanskeleg for språkmaskina, sieier ho.