Korleis lage enkle filmar?

Om du treng hjelp til å kome i gong med film til YouTube-kanalen, bloggen eller berre likar å lage filmar med vener eller sysken – er desse tipsa frå Ung.no gode å ta med på vegen.

Kamera:

Dei fleste smarttelefonane er no så gode at du kan bruke dei til enkle filmar. Nyare spegelreflekskamera held i massevis for heimefilmar.

Tilpass situasjonen:

Du bør unngå å røre mobilkameraet og heller la rørslene skje innan biletramma. Lyden kan òg vera eit problem med slike kamera, så prøv å unngå stader med mykje bråk. Dagslys er òg å føretrekke når ein ikkje har anna lysutstyr tilgjengeleg.

Redigering:

For at du skal ha nok materiale å velje i, kan det vere lurt å ta vare på det meste av råmaterialet ditt. Ta også opp film av andre ting som skjer rundt deg, kanskje kan du klippe det inn i filmen din og gjere han meir levande.

Sett alt saman i eit videoredigeringsprogram. Slike program har du tilgjengeleg gratis på dei fleste pcar, og også på nokre smarttelefonar. Programma er enkle å lære seg med til dømes YouTube-vegvisarar og enkle Google-søk. Når du redigerer, kan du sette opp den rekkefølga av klipp du ønsker, og du kan legge på effektar, til dømes tekstboksar og enkle justeringar av lyd og lys.

Berre leik deg:

Har du ein idé du synest er god, så berre stikk ut og gjer det! Leik deg med bildeutsnitt, kor nært du filmar, ulike opptaksstader og måtar å filme på. Det er den beste måten å bli god på å filme og bli kjend med kamera og redigeringsprogram.

Publisering:

Når du har gjennomført desse stega, kan det vera kult å legge ut filmen din eit stad. Det finst mange kanalar – både YouTube og Vimeo er spesielt laga for å laste opp filmar, men òg Facebook og Instagram har enkle løysingar for å publisere film. I alle desse kanalane kan ein velje å ha anten offentleg eller privat visning av filmane. 

Hugs: Det er 13-årsgrense for sosiale medium i Noreg, så dette må du gjere i samråd med foreldra dine om du er under 13 år. 

(Kjelde: Ung.no)