Noregs fyrste valgomat for barn

Redd Barna og NTB vil gjere det enklare for barn å forstå politikk. Dei lanserer ein eigen valgomat for born denne hausten.

Dette er Barnas Val 2019:
  • Ei moglegheit for born og unge (5.-10.klasse) til å få sagt si meining om kven som skal bestemme i Noreg
  • Valgomaten skal bidra til eit gjennomtenkt og opplyst val
  • Startskotet for å stemme i Barnas Val går 26. august
  • Barnas Valdag er 5. september
LES FAKTALUKK FAKTA

I samband med årets kommune- og fylkestingsval kan alle som går i femte- til tiandeklasse seie kven dei meiner skal bestemme i Noreg. Frå 26. august, og heilt fram til Barnas Valdag 5. september. For to år sidan stemte 60.000 born i Noregs fyrste val for born.

Nytt i år er ein eigen valgomat for born. Ein valgomat er ein test som viser deg kva politisk parti du står nærmast.

Enklare å forstå politikk

I valgomaten kan barn ta stilling til ulike påstandar, få argument for og imot, og vurdere om dei er einige eller ueinige i påstanden.

Nokon av påstandane kan vera som dette:

  • Elevar bør fortsette å få lekser
  • Alle barn bør få eit gratis måltid på skulen kvar dag
  • Det må bli slutt på at dei som køyrer bil må betale bompengar

Gode diskusjonar

Når heile valgomaten er gjennomført, vil elevane få vite kva for eit parti dei er mest einig med. Dei får også opplyst kor nær dei er dei andre partia.

– Dette kan bidra til å gi framtidige veljarar eit nyansert forhold til politikk og politikarar. Valgomaten kan gi grunnlag for gode diskusjonar i klasserom og kanskje også heime, seier utviklingsdirektør Geir Terje Ruud i NTB.

Skal gjere politikk gøy

Birgitte Lange, generalsekretær i Redd Barna, vil gjere politikk gøy, spanande og ufarleg.

– Politikk er ofte komplisert, og det er vanskeleg å finne ut kva dei ulike politikarane faktisk meiner, seier generalsekretæren.

I tillegg til Noregs fyrste valgomat for born, blir det lansert ei eiga nettside med undervisningsopplegg og 12 informasjonsvideoar.