På søndag er fastemånaden over

Søndag 24. mai feirar muslimar verda over at fastemånaden er over

Id al-fitr, ofte kalla berre id eller eid, er ein viktig muslimsk høgtid som markerer slutten på fastemånaden Ramadan, og feiringa inneber gåver til barn, pynt og tradisjonsrik mat som blir delt med familie og venner.

Feiringa varar i tre dagar med fellesbøn og preike i moskeen. Mange kler seg ekstra fint, får besøk av familie og vener og gir kvarandre gåver.

Under fastemånaden ramadan får ikkje truande muslimar ete mellom soloppgang og solnedgang. Derfor er maten i sentrum når ein markerer eid.

Det er vanleg å helse på kvarandre og ynskje kvarandre “Eid Mubarak”.

Islams fem søyler

Dei religiøse pliktene som vert pålagd kvar vaksen muslim.

  1. Truvedkjenninga
  2. Den rituelle bøna
  3. Den rituelle avgifta
  4. Fasta
  5. Pilgrimsferd til Mekka
Den heilage svarte, steinen i Mekka. (Foto: Adli Wahid/Unsplash)