Vil opne for all barneaktivitet frå 1. juni

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet kjem til å fremme eit forslag om å gjenopne alle idrettar for barn og unge allereie frå 1. juni.

Det sseier avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Jakob Linhave, overfor NRK.

– Det er sannsynleg at vi kjem til å komme med tilrådingar som gjeld alle barn frå 0–20 år og alle idrettsgreiner. I kva form er litt for tidleg å seie, men vi har ein god dialog med Folkehelseinstituttet og Norges idrettsforbund om moglege løysingar. Så vil vi sjå om dette er mogleg å få til allereie frå 1. juni, seier han til NRK.