Vulkanen hadde ikkje hatt utbrot på 123 år, så eksploderte det

57 menneske mista livet då vulkanen Mount St. Helens (USA) braut ut 18. mai 1980. Det dødligaste utbrotet i USA si historie.

(Denne saka er ein nedkorta versjon frå Framtida.no)

Vi går tilbake til 18. mai 1980.

I ein Chevrolet sit familien på fire. Mamma Barbara Seibold (33) pappa Ron Seibold (41), Kevin (7) og Michelle (9).

I to månadar har det vore aktivitet ved vulkanen Mount St. Helens i staten Washington. Det har ikkje vore aktivitet på 123 år. No er familien spente på å sjå vulkanen.

– Ein spør om det er farleg, og begge foreldra forsikra lystig ungane sine om at dei var trygge, fortel Jim Thomas, i State Department of Emergency til Los Angeles Times.

Så kjem jordskjelvet og utbrotet

Klokka 08.32 kjem eit jordskjelv som får nordsida av fjellet til å rase ut. Det vert starten på det mest dødelege vulkanutbrotet i USA si historie. Stein, oske og glovarm gass veltar ut av vulkanen og dannar ei 24 km høg røyksky.

Massar av snø og is smeltar på rekordtid og sender enorme gjørmestraumar nedover fjellsidene og fører til massive øydeleggingar. Fleire hundre heimar, 47 bruer og kilometervis med jarnbanelinjer og vegar vart øydelagde, noko som òg gjorde flukta vanskeleg.

Foto: Danial Dzurisin, Wikipedia

57 menneske døydde

Familien på fire, Seibold-Morris, var utanfor sona, som var sett opp for å hindra publikum i å kome for nær vulkanen.

Dei står nesten 18 kilometer frå vulkanen og tek fleire bilete, før dei set seg inn att i bilen. Men dei blir kvalt av den varme oska før dei rekk å kome seg unna.

Fleirparten av dei 57 menneska som døydde i området rundt Mount St. Helens den dagen lei same skjebne som den vesle familien.