Skrivekonkurranse: Skriv om miljø!

Framtida Junior og seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune inviterer til skrivekonkurranse med 1000 kr i premiepotten!

Tema for skrivekonkurransen er miljø. Miljø er det du finn rett utfor døra di, i strandkanten og på snaufjellet. Miljøet er knytt tett til klima. Ei kjelde til miljøfakta i Noreg finn du på Miljøstatus.

Visste du til dømes at heile 90 prosent av Noregs befolkning går på tur i naturen?

Og kva har det å seia at me i Noreg har 2355 trua dyreartar? Har det noko å seie for oss menneske? Kva bør me gjera for å hindra utryddinga av artar?

Vel éi av desse oppgåvene:

1. Skriv om eit miljøproblem som du meiner er viktig å snakka meir om. Bruk gjerne Miljøstatus eller andre kjelder for å finne fakta. Skriv ein tekst om kvifor dette er viktig og kom gjerne med forslag til løysingar på problemet.

2. Skriv om kvifor du er glad i naturen. Kvifor trur du det er så mange som er så glade i naturen? Skriv om kva det gjer med deg og andre menneske å vera ute i frisk luft og rein natur.

3. Skriv ei historie, eit dikt, teikneserie eller samansett tekst med tema miljø. Det kan handle om korleis miljøet er i dag eller korleis verda ser ut i framtida om ikkje noko blir gjort med miljøproblema våre.

Format: Word-fil

Lengde: Maks 450 ord, men gjerne kortare!

Premie: 1. plass: 1000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Aldersgrense: under 14 år

Innleveringsfrist: 12. juni

Målform: Nynorsk

Send inn til framtidajunior(a)gmail.com

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.