Vil bygge månelanding med tiss

Forskarar har lyst til å bygge ein forskningsstasjon på månen. Den skal vere bygd i betong, men for å lage betong så treng ein vatn. Og det finst det nesten ingenting av på månen. Men no har kanskje den europeiske romfartsorganisasjonen ESA funne løysinga.

Dei kan bruke tiss i staden for vatn.

I urin finst det nemleg eit stoff som heiter urea, som gjer at betongen treng mindre vatn utan å verte tørr.

Månebetongen kan såleis verte laga av mennesketiss og pulveret som dekker overflata til månen.

– Håpet er at astronauttiss kan verte brukt som det er, på ein framtidig månebase, med mindre justeringar av vanninnhaldet, seier Marlies Arnhof.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here