Astronautane la att bæsjen sin på månen

Kanskje forskarar kan lære noko av å undersøke bæsjen.

Menneske har reist til månen fleire gongar. Den siste gongen var for 50 år sidan, skriv Ung.Forskning.no.

På alle turane har astronautane kasta masse skrot på månen. Det har dei gjort for at ikkje romrakettane skal vera for tunge når dei skal reise tilbake til jorda.

Her kan du sjå lista over ting som ligg på månen. Det er NASA som har laga lista. Saman med alt skrotet ligg det også bæsj der.

Må bruke bleier

Astronautane som reiste til månen, måtte bæsje i posar på veg dit. Og på månen hadde dei på seg astronaut-bleier. Desse bleiene fekk ikkje vera med tilbake.

Det ligg faktisk over 90 posar med tiss, spy og bæsj på månen.

Den gamle bæsjen kan faktisk bli spennande for forskarar. Det skriv nettstaden Vox. Det var Vox som fyrst omtala saka.

Levande bæsj

I menneske-bæsj lev det nemleg bitte små mikroorganismar. Dei vanlegaste er bakteriar. Dei skal vera der og er ikkje farlege.

Men spørsmålet er: Kan mikrobane overleve på månen? Mikroorganismar tåler mykje. Dei kan leve i nærleiken av vulkaner og i isbrear. Tyder det at dei også kan overleve på månen?

Ingen veit

På månen kan det bli over 100 varmegrader og kaldare enn 170 minusgrader, skriv Space.com. Månen er ein tøff stad å leve, men mikroorganismer er også tøffe.

Ingen veit om bakteriane i astronaut-bæsjen lev endå. Viss vi skal finne det ut, må nokon reise tilbake og rote i bosset.