Irane betalar tilbake 173 år gamal teneste til koronaråka urfolk

I 1847 leid det irske folket under den store hungersnauda som råka landet. Då delte det amerikanske urfolket av det vesle dei hadde. No opnar irane lommebøkene for å betale tilbake tenesta til urfolka som er hardt råka av koronaviruset.

Det amerikanske urfolket i Choctaw Nation gav 170 dollar for å hjelpe irane – med dagens kurs tilseier det rett over 50 000 norske kroner.

Det er ikkje lommerusk for eit folk som få år tidlegare hadde vorte røska opp frå heimplassen sin, gjennom tvangsflyttingane i Trail of Tears, der fleire tusen miste livet.

No gjengjelder irane tenesta.

Smitte i ein «matørken»

Dei amerikanske urfolka er hardt råka av koronapandemien. Det delvis sjølvstyrte reservatet Navajo Nation har ein av dei høgaste førekomstane av smitte per capita i heile USA, og framleis er smittetoppen vekevis unna.

Lyser opp ei mørk tid

No straumar pengane inn frå den andre sida av Atlanterhavet, frå irar som vil yte same støtta som deira forfedrar mottok for 173 år sidan:

– Dei amerikanske urfolka, som også var underlagde ekstrem fattigdom og mangla essensielle varer, donerte til folk som var tusenvis av mil unna og som nok aldri hadde høyrt om Choctaw-folket, skreiv donoren Kris Marsden.