Nasjonal teiknedugnad om koronakrisa

Nesten 2000 barn og unge har teikna korleis korona-pandemien har påverka livet deira. No skal alle teikningane samlast i ei digital utstilling.

Det er Redd Barna som har sett i gong teiknedugnaden. Organisasjonen håpar at alle teikningane kan bli til eit historisk dokument over det vi har opplevd i Noreg denne våren, med strenge reglar og stengte skular og fritidsaktivitetar.

Saka held fram under teikninga.

Foto: Redd Barna

Sjefen i Redd Barna, Birgitte Lange, er heilt overvelda over kor mange barn som har sendt inn teikningar.

– Vi starta denne teiknedugnaden for å gi barn ei plattform til å uttrykke sine kjensler i denne vanskelege tida. Vi har fått inn teikningar som viser alt frå humor, håp og glede, til tristheit, frykt og redsel. For nokon har det vore fint å få meir tid og nærheit med familien sin, for andre har det vore tungt å ikkje få lov til å gjere alt som opplevast som trygt og kjekt i kvardagen, som fritidsaktivitetar, leik med vener og det å kunne gå på skulen, seier Birgitte Lange.

Saka held fram under teikninga.

Foto: Redd Barna

Redd Barna fortel at teikningane blir liggande på tegnedugnad.no i mange år framover, slik at ein alltid kan gå inn og sjå korleis barn i Noreg hadde det under korona-pandemien.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby opne den digitale utstillinga frå sitt kontor. Ho seier at det er kjempebra at Redd Barna har arrangert ein nasjonal teiknedugnad.

– Nesten 2000 barn har sendt inn teikningar og vist kva dei føler. Det er mange som er triste fordi dei har gått glipp av bursdagsfeiring og leik med vener, men så er det også mange som har likt å vere ekstra mykje saman med familien sin. Desse teikningane blir eit historisk dokument over tida vi er inne i og bidreg til at barns stemmer blir høyrt. Det er veldig viktig, seier kunnskaps- og integreringsministeren.

Har du også lyst til å vere med på teiknedugnaden? Slik gjer du det:

  1. Teikn noko frå då koronaviruset kom til Noreg og tida du har vore heime.
  2. Skriv tre linjer på teikninga de om kva du følte eller kva du har teikna. Husk å få med namn og alder også.
  3. Ta eit bilete av teikninga di på ein stad med mykje lys og send det på denne nettstaden: https://www.reddbarna.no/historier/tegnedugnad/

Frist for å sende inn teikningar er 10. mai.

Foto: Redd Barna