– No kan du plante i vindaugskarmen

Bjørnhild Fjeld har supre plantetips til deg som vil bruke våren på å få det til å gro i kjøkenhagen.

Fakta om Spirea.no:
  • Spirea er ein blogg med mange gode tips til hagen.
LES FAKTALUKK FAKTA

– No når vi er ekstra mykje heime er det kjempebra å ha noko hyggeleg og produktivt å drive med, seier Bjørnhild. 

Ho er veldig glad i alt som spirar og gror – faktisk så glad i hagelivet at ho skriv om det som journalist og som bloggar for Spirea.no.

SOLSIKKER: Her sår Henrik og Andreas frø av solsikker. – Solsikker er veldig fine å så i potter inne. Dei kan plantast ut i slutten av mai. Berre sett dei i vindaugskarmen. Foto: Tore Fjeld/Spirea.no

– Når vi dyrkar sjølv får vi kjennskap til kor maten kjem frå, og vi ser kor lang tid det tek å dyrke noko, seier ho.

Bjørnhild er oppteken av at vi ikkje skal kaste så mykje mat. 

– Det viktigaste vi gjer er å spise all maten. Ein har ofte meir respekt for maten ein har dyrka sjølv enn maten ein kjøper i butikken, seier ho. 

 

Her er Bjørnhild sine beste plantetips til deg:

Salat: Har du aldri prøvd å så noko før, kan det vera lurt å byrje med salat. Salat tåler nemleg ganske mykje! Plukksalat kan haustast 3-4 veker etter du sår, så viss du sår med jamne mellomrom, har du alltid fersk salat. Så frø innandørs i eit såbrett i april, og flytt dei små plantene over i krukker eller kassar når det blir jamn temperatur (over 10 grader) ute. Følg instruksjonane på frøpakka du kjøper.

Plukksalat. Foto: Janne Nerheim

Jordbær: Du kan kjøpe planter på eit hagesenter, eller du kan få nokre avleggarar av nokon som har jordbær. Jordbær må stå ein stad med sol. Det er fint å plante jordbær i krukker, pallekarmar eller i kantane på eit bed der du har andre vekster. Viss du vil så jordbærfrø, må du så ein type som heiter “månadsjordbær”. Dei liknar på markjordbær. Frøa kan du så i eit såbrett inne, og flytte ut når det blir varmare (jamnt over 10 grader).

Jordbær. Foto: Janne Nerheim

Grønkål: Denne er enkel å få til, og du kan så frøa utandørs i mai. Grønkål trivst best i ein pallekarm eller i eit bed. Den toler svært mykje – til og med frost!

Grønkål. Foto: Janne Nerheim

Spinat: Denne planta spirer villig. Så frø i krukker eller kassar, og følg instruksjonane på frøpakka du kjøper. Denne kan du så utandørs i april.

Urter: Desse vekstene er også enkle å så: Kruspersille, oregano, timian, koriander, graslauk, dill og salvie. Så i krukker eller kassar, og følg instruksjonane på frøpakka du kjøper. Desse kan du så inne fyrst, og ut når det blir jamn temperatur (over 10 grader). 

Tomatplanter: Tomatfrø kan du så inne i april. Så flyttar du dei ut i krukker eller kassar når det er jamn temperatur ute (over 10 grader). Følg instruksjonane på frøpakka. Det kan vera lurt å kjøpe eit par planter på hagesenteret, for tomater skal eigentleg plantast i mars for å klare seg best mogleg.

Tomater. Foto: Janne Nerheim

Ringblomar: Viss du vil ha noko som blomstrar, kan du så ringblomar. Dei er superenkle å få til, og gjer seg godt både i blomekassar, krukker og i bed. Du treng ikkje så dei inne fyrst. Bare så dei ute i mai.

Agurk: Den treng mykje varme – så det er viktig å finne ein lun stad med sol. Det er lettast i drivhus, men går i krukker og. Du kan kjøpe plante på eit hagesenter som du kan plante ut i mai, eller så frø i april. 

Agurk. Foto: Janne Nerheim

Utstyr du treng:

Såjord: Dette er jord som er svakt gjødsla og med lett konsistens. Den inneheld ofte litt sand, slik at små spirer skal ha det best mogleg. Du kan også bruke gamal pottejord frå i fjor til å så i, bland i litt sand viss du har, eller bruk den som den er.

Potter/såbrett: Små plastpotter, jordbærkorger eller mjølkekartongar fungerer heilt fint. Ta det du har – det er ikkje naudsynt å kjøpe masse nytt. 

Minidrivhus: Nysådde frø bør dekkast fram til dei spirer. Du kan også legge litt plastfolie over brett/potter.

Merkelappar/-pinnar: Viss du sår fleire sortar, er det lett at det går i surr. Då kan det vera lurt å lage merkelappar som viser kva som er kva.

 

Kva tid kan du så i vindaugskarmen?

Frå april månad kan du så frø og setje potter/brett i vindaugskarmen. Då er det nok lys til at dei vil klare seg.

Kva tid kan du plante ut?

Kva tid våren kjem varierer veldig frå år til år, og det kjem an på kor i landet du bur. Det er vikigare å sjå på gradestokken enn å sjå på kalenderen. Planter bør ikkje plantast ut før temperaturen held seg jamnt over 10 grader. 

Det kan også vera lurt å la plantene vera ute berre nokre timar dei fyrste dagane. Slik at dei får venne seg til livet ute.