Opplegg knytt til artikkel om rusmiddel

I dette opplegget skal eleven lese ein artikkel om rusmiddel og svare på oppgåver knytt til artikkelen.

Samfunnskunnskap, etter 7. trinn

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne drøfte spørsmål omkring og konsekvensar av bruk og misbruk av tobakk og ulike rusmiddel

Arbeid med desse spørsmåla

  1. Skriv nokre døme på lovlege rusmiddel
  2. Kom med nokre døme på ulovleg rusmiddel
  3. Kva er forskjellen på ein som brukar rusmiddel og ein som misbrukar rusmiddel?
  4. Kvifor trur du det er 18 års aldersgrense på snus, tobak, vin, øl?
  5. Kva meiner vi med at rus gir kortvarig lykke?
  6. Når vi seier at rusmiddel er dyrt for samfunnet. Kva meiner vi eigentleg med det?
  7. Skriv om ein gong du opplevde å få eit slags kick. Der adrenalinet gav deg ein slags rus. (Det kan vere når du vart redd, stod på ei scene, spelte ein viktig fotballkamp, vann ein konkurranse…)