Kva er eigentleg rus?

Dei fleste av oss har høyrt om rus, og rusmiddel. Men kva er det eigentleg? Og kva gjer rus med kroppen vår?

Rus er noko ein får av å ta rusmiddel.

Det finst lovlege og ulovlege rusmiddel.

  • Alkohol, snus og tobakk er lovlege rusmiddel.
  • Narkotika er ulovleg rusmiddel.

Rusmiddel inneheld stoff som kan vere skadelege for kroppen vår, og som kan gjere oss avhengige.

I Noreg er det mange rusmiddel som er ulovleg. Overdriven bruk av rus er skadeleg.
Narkotika er ulovlege rusmiddel i Noreg. (Illustrasjon: Colourbox)

Ein er ikkje misbrukar om ein tek eit glas vin

Kjenner du nokon som snusar, røyker eller drikk alkohol betyr det ikkje at dei er rusmisbrukarar.

Det er forskjell på bruk og misbruk.

Mange vaksne kan til dømes ta seg eit glas med alkohol utan at det er farleg. Det er faktisk ganske vanleg.

Men drikk dei veldig mykje, og veldig ofte kan det kanskje vere eit teikn på misbruk – som kan føre til skade på kroppen.

Vaksne kan ta seg eit glas vin utan at det er farleg. Overdriven bruk av rus er skadeleg.
Vaksne kan ta seg eit glas vin utan at det er farleg. (illustasjon: Colourbox)

Korleis påverkar rusmiddel oss?

Grunnen til at mange rusar seg er for at dei kjem i ei stemning som for mange kan opplevast som ei slags glede i kroppen.

Det kjem av at hjernen reagerer og gjer den rusa personen litt sløvare.

Overdriven bruk av alkohol og rus er ikkje bra for verken deg sjølv eller dei rundt deg.
Overdriven bruk av alkohol er ikkje bra for verken deg sjølv eller dei rundt deg. (Illustrasjon: Colourbox)

Rus utan rusmiddel

Du kan også få ein slags rus utan å ta noko rusmiddel. Du har kanskje spelt ein fotballkamp, stått på ei scene eller vore forelska. Då får ein faktisk ein form for rus. Det kjem av noko som heiter adrenalin, og som kroppen produserer sjøl. Adrenalin gir deg eit slags kick. Det er litt som ein rus det også, faktisk.

Å vere avhengig av rusmiddel

Rus som kjem frå narkotika eller dei lovlege rusmidla som snus, røyk og alkohol kan vere vanedannande. Det vil seie at ein kan bli avhengige av dei.

Å vere avhengig vil seie at kroppen treng stoffet for å kunne yte best mogleg.

Ein person som har røykt lenge har fått i seg nikotin som er eit stoff i tobakken. Nikotin kan ein bli svært avhengig av. Har kroppen fått nikotin veldig lenge, vil kroppen ha det dagleg. Får ein ikkje nikotin kan ein få hovudverk, bli irritert og ukonsentrert.

Ein person som er avhengig av eit rusmiddel klarer liksom ikkje tenke på noko anna før dei har fått i seg det dei er avhengige av. DEI.BERRE.MÅ.HA.DET!

Du kan kanskje samanlikne det litt som når du har “godtesjuka” – og berre MÅ ha godteri!

Det beste ein kan gjere er å knekke røyken i to. Røyking er ikkje fra for helsa. Overdriven bruk av rus er skadeleg.
Det beste ein kan gjere er å knekke røyken i to. Røyking er ikkje fra for helsa. (Illustrasjon: Colourbox)

Sjuk av rusmiddel

Overdriven bruk av rusmiddel er ikkje bra for kroppen. Det er bivirkningar som kan gjere deg sjuk.

Røyking kan mellom anna gje deg dårlegare lunger, misfarging av tenner, dårleg ande, astma, hjarteinfarkt og kreft.

Mykje alkohol fører også til skade. Då gjerne på organ inne i kroppen. I tillegg til høgt blodtrykk, fedme, angst og depresjon.

Familiar tek skade

Det som kanskje er verst med rusmiddel er skaden det kan føre på familien. Mange familiar har opplevd at vaksne rusar seg og blir avhengige av rusmiddel. Det har ført til at mange familier blir splitta.

I tillegg kostar det det svært mykje pengar for staten å behandle til dømes sjukdomar og avrusning.

Er du bekymra for at nokon i familien rusar seg? Ring anonymt til Alarmtelefonen. Det er gratis og du får snakke med vaksne som har gode råd.

Alarmtelefonen er eit gratis nummer du kan ringe anonymt.
Alarmtelefonen er eit gratis nummer du kan ringe anonymt.