Drøymer du mykje rart no for tida?

Det er naturleg å drøyme rare ting i korona-tida. Det kan til og med vera sunt, meiner drøymeforskar Roar Fosse.

Du må springe, men får det ikkje til. Du skrik, men det kjem ikkje ein lyd ut av deg. Har du hatt ein slik draum i det siste? Då er du ikkje åleine, skriv Ung.Forskning.no.

Roar Fosse er draumeforskar og psykolog. Han meiner det er heilt naturleg å ha draumar med frykt og angst når det skjer ei krise.

Det er mange som opplever korona-tida som ei krise. Vi er kanskje frustrerte for at vi ikkje får møte venene våre, og mange er redde for at dei sjølv eller nokon dei er glad i skal bli sjuke av viruset.

– Det kan vera litt sunt å ha slike draumar. Det kan gjere at vi taklar den nye situasjonen på eit betre måte, meiner Fosse.

Hugsar meir

Viss vi er redde hugsar vi draumane betre når vi vaknar, fortel Fosse.

Det skjer fordi ein draum med sterke kjensler er meir intense. Difor er det enklare å hugse den. I tillegg er det vanlegare å vakne om natta når vi drøymer om noko som er skremmande. Det gjer også at vi hugsar innhaldet i draumen betre.

Skriv ned draumen

Forskaren meiner det kan vera lurt å skrive ned tankar og følelsar før vi legg oss. Då får vi sortert i det vi har inni oss.

Det kan også vera lurt å snakke med nokon du stolar på om du opplever skremmande draumar.