Meiningsinnlegg: Snudd på hovudet

Det er ein litt rar og underleg situasjon vi er i med alt dette koronastyret. Vi er ikkje på skulen, dei fleste voksne har heimekontor og småsøskena er heime.

Vi får ikkje lov å møte alle venane våras, eller reise på påskeferie. Heile Norge og verda er rett å slett snudd på hovudet på grunn av koronaviruset. 

Eg skulle på påskeferie med familien min til byen eg kjem frå. Eg har heile slekta mi på pappa si side der, men no blir det ikkje noko av det. Leirskulen som eg og resten av 7. klasse på min skule skulle på, blir mest sansynleg ikkje noko av no heller.

Det er så masse som mange hadde gleda seg til som blir avlyst. Som foreksempel alle idrettsarrangement, bursdagselskap og konfirmasjon. Ting som dei kanskje aldri får mulighet til å gjere seinare i livet.

Det blir så kjedeleg vist dette blir pågåande kjempelenge. Men eg skjønner det jo. Vi må jo alle hjelpe til sånn at dei som er i risikogruppa til å bli smitta og kan døy, ikkje blir det. For tenk om masse folk blir sjuke, på grunn av at menneske ikkje klare å halde seg heime og vere med berre nokre få vennar, og gjere andre ting vi har fått beskjed om.

Tenk på kor redde folk blir når nokon dei bryr seg om blir smitta av koronaviruset. Men heldigvis er det ikkje så mange som døyr her i Norge. 

(Meiningsinnlegget blei skrive før påskeferien)