Skrivekonkurranse: Skriv ein 17. mai-tale

Det nærmar seg 17. mai. I år vil feiringa bli heilt annleis enn vi er vane med. Skriv ein tale som vi kan publisere på nett på Framtida junior.

Nasjonaldagen har alltid vorte markert med barnetog som vaiar med flagget sitt. Men i år blir ting annleis. Mange av dei største byane har allereie gått ut og sagt at barnetoga ikkje blir noko av.

Dette har aldri skjedd tidlegare, utanom åra Noreg var i krig.

Derfor er det viktigare enn nokon gong at vi tek vare på demokratiet og samhaldet som vi har her i Noreg.

Oppgåve:

Skriv ein 17. mai-tale til alle barn i Noreg.

Frist: 8. mai

Premie: Vinnaren får eit abonnement i eit halvt år på papiravisa Framtida Junior.

Send til: framtidajunior@gmail.com

Kriterier

Dette må du hugse: Kryss ut etterkvart:
Overskrift
Namn, alder, skule
Skrittype Times New Roman
Skriftstorleik 12
Ikkje legg ved bilde du har henta frå nett
Legg ved eit bilete av deg sjølv
Få godkjenning frå foreldre før du sender. Skriv også telefonnummer til ein av foreldra dine. (På den måten får vi gitt beskjed dersom teksten blir publisert)
Send til framtidajunior@gmail.com
Skriv fornamn og etternamn i emnefeltet