Meiningsinnlegg: Heimeskule og koronaviruset

Eg synest det er dumt at koronaviruset kan spre seg så fort ut til alle land! Dette overrasker meg kjempemasse. Eg trudde først at det ikkje var så alvorleg, men så måtte dei stenge skulane! Det var då det begynte å gå opp for meg at det var så alvorleg!

Eg har følgt masse med på nyheitene om koronatilfellene. Det er dumt at det har kome så langt i verda. Mange barn og unge er redde for dette, og det er viktig at vi snakkar opent om det. Men eg blei også redd når eg høyrde at det var flest gamle folk som kunne dø av det. Då blei eg litt redd, men det gjekk over.

 Koronaviruset gjer at konsertar og  aktivitetar blir stengde. Dette blir mange barn skuffa over. Mange barn må berre sitte heime og får ikkje lov å vere med venner. Eg skulle ønske at me hadde hatt vanleg skule. Det er ikkje så gøy med heimeskule og sånt. Dette er også ein skummel situasjon for både barn og vaksne. Mange sier også at dette kan gå utover økonomien til mange.

 Norge har bestemt seg for å stenge grensene til Noreg. Mange, mange her i Norge og i verda har blitt smitta. Du aner ikkje kor fort folk blir smitta. Fleire 1000 i Norge er blitt smitta og dette er ikkje bra. Eg håper at koronaviruset kjem til å ta slutt ein dag! Håper også at dei finner ein vaksine mot det ein eller annan dag slik at folk ikkje kan bli smitta i verda slik som i dag!