Fritidsaktivitetar for barn og unge kan starte opp igjen

Så lenge barna held smittereglene, kan fritidsaktivitetar opnast igjen. Men det vil framleis vere reglar for korleis ein kan gjere det.

Kulturminister Abid Raja (V) stadfestar overfor NTB at det ikkje er noko forbod mot organiserte aktivitetar for barn og unge, skriv Rbnett.

– Så lenge smittevernreglene blir overhalde, presiserer han, og viser til at mange idrettslag alt er i gang med trening igjen.

Ifølgje smittevernreglene må det ikkje vere meir enn fem saman i kvar gruppe, og det må vere 2 meter mellom kvar av dei.

Kulturminister Abid Raja (Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet)