Spanske barn har vore innesperra i fem veker

No skal dei endeleg få sleppe litt fri.

Norske barn har fått gått ut og hatt maks fem leikekammeratar under koronastenginga.

Spanske barn har ikkje fått lov å gå ut av døra dei siste fem vekene, skriv NRK.

Spania har vore hardt råka av pandemien. Over 20.000 personar har mista livet på grunn av korona.

14. mars stengde Spania alt. Og ingen fekk lov til å gå ut av huset eller leiligheta. Dei som bryter dette kan få bot på opp til 117.000 norske kroner.

Vaksne får berre lov til å gå på matbutikken, til apoteket eller til arbeid – dersom arbeidsplassen blir sedd på som viktig nok. Barn får ikkje forlate heimen i det heile.

Statsminister Pedro Sánchez har no sagt at frå 27. april skal barn under 12 år få litt meir luft – i kontrollerte former, skriv El Diario.

I Noreg opnar barnehagar måndag etter at dei alle vart stengde 13. mars. Danmark, Finland og Sveits har allereie byrja å opne skular og butikkar, og fleire land er venta å følgje etter.