– Slik laga eg min eigen fuglekasse

Me har heimeskule på grunn av korona. Det som er kjekt med heimeskule er at eg kan ha sløyd med pappa. Me har vore i snikkerbua og laga fuglehus.

Me fant byggjeteikningar på denne nettadressa: www.moseplassen.no/2013/04/bygg-
fuglekasse-arbeidstegninger/

Pappa sagde ut alle delane, og eg skrudde dei samen.

Foto: Privat

Me måtte først bora hål der skruane skulle inn, viss ikkje kunne da sprekka. Det var viktig å bora beint. Det var litt vanskeleg men eg fekk det til.

Når alt var ferdigskrudd og spikra måtte eg pussa alle kantane.

Foto: Privat

Først måtte me mala veggane og taket på huset. Eg måtte mala veggane på huset mitt fleire gangar fordi eg såg i gjennom malinga. Og så venta eg til det tørka, og så malte eg detaljane.

Foto: Privat

Eg brukte teip for å laga beine vinduer og dør. Eg lagde og ein postkasse til fuglane.

Me skal henga fuglehuset ute i hagen på eit tre. Eg er spent på om da kommer fuglar i huset mitt.

Foto: Privat

Sofie Fadnes (11) var ein av finalistane i skrivekonkurransen vår.